Basistrening

Basistrening i hall med vekt på styrke og litt kondisjon.

Basistrening for vaksne går føre seg i gymsalen på Kvam ungdomsskule måndagar kl 19.00-20.00 og torsdagar kl 20:00–21:00. Aktiviteten startar etter haustferien og held på fram til påskeferien.

Det er tre instruktørar som har delt på arbeidet: Reidun Braut Kjosås, Elisabet Aarekol og Anne- Heidi Neteland Bjørke.

Treninga er variert, med hovudfokus på styrke og kjernemuskulatur, og noko kondisjon. Basistreninga for vaksne er ein sosial og aktiv arena, og eit lågterskeltilbod for alle i bygda som ynskjer å halda seg i form.

For meir informasjon, kontakt:
Reidun Braut Kjosås, 917 37 515