Postkassetrimmen

Sank poeng på 10 både enkle og krevjande turar. Arrangementet krev ikkje medlemskap i ØIL.

Postkassetrimmen er eit lågterskeltilbod som fremjar aktivitet og folkehelse blant både unge og gamle, små og store, ja som passar dei fleste som er glade i frisk luft og natur.

Trimgruppa i Øystese idrettslag har trim-postkassar ute på faste plassar.

Vil du samle poeng, så gjer du fylgjande:

  • sett kryss i trimmar-ruta
  • skriv namnet ditt
  • fyll ut alders-ruta
  • fyll ut dato-rutene (bruk linja til ho er full før du skriv namnet på nytt)

Minimumskrav i kvar aldersklasse:

  • 0-6 år: 15 poeng
  • 7-9 år: 25 poeng
  • 10-14 år: 40 poeng
  • 15-19 år: 50 poeng
  • 20-39 år: 60 poeng
  • 40-59 år: 50 poeng
  • 60 år → : 30 poeng

Trimmen er sett saman av 10 postkassepunkt :

  • Børvehagen: 2 poeng
  • Laupsadalen: 2 poeng
  • Telldalen: 2 poeng
  • Botnane: 3 poeng
  • Nystøl: 3 poeng
  • Hyrting: 4 poeng
  • Krok: 4 poeng
  • Ruedal: 4 poeng
  • Torefjell: 7 poeng
  • Manfjell: 11 poeng

Premie kan du kosta på deg etter 5., 10., 15. gong, osv.
1.året får alle diplom.

GOD TUR!

For meir informasjon, kontakt:
Leif Sandven, 56 55 58 39