Orientering

Trygg i naturen – finn nye stiar!
Høver for både born og vaksne.

På Øystesetrimmen er o-løype eitt av alternativa. Både unge og eldre nyttar dette alternativet.

O-gruppa i ØIL fekk i 2016 fått utarbeidd nærorienteringskart over Øystese sentrum. Målet med kartet er å bruke det til opplæring i bruk av kart og kompass og å kunne arrangere sprint-0-løp. Kartet er utarbeidd etter IOF (Internasjonale Orientering Forbund) sin norm.

Har du lyst å lære å bruke kart og kompass?

O-gruppa i Øystese il arrangerer orienteringskurs og trening for born frå 9 år og oppover. Datoar for 2020 kjem i løpet av våren.

For meir informasjon og påmelding, kontakt:
Olav Kreken, 920 89 174 – okreken@gmail.com