Sank poeng på 10 både enkle og krevjande turar. Arrangementet krev ikkje medlemskap i ØIL.
Postkassetrimmen er eit lågterskeltilbod som fremjar aktivitet og folkehelse blant både unge og gamle, små og store, ja som passar dei fleste som er glade i frisk luft og natur.
Sank poeng ved anten å bruka appen Postkassetrimmen på mobiltelefonen din (les meir om Postkassetrimmen her) eller ved å skriva deg inn i dei utlagte bøkene.
Postkassetrimmen fylte 40 år i 2019, og me vil gjerne fornya oss for å kunne halde på i minst 40 år til! Difor kan du no også delta i trimmen gjennom å sjekka inn på dei ulike turmåla med ein app på mobilen.
Appen du må søkje opp og laste ned i App Store eller Google play, heiter: «Postkassetrimmen»
Deretter må du finne ØIL Postkassetrimmen i lista med trimmar, og trykkje «Meld meg på». Då er du klar til å sjekke inn på ulike turmål!
Det er framleis fullt mogeleg å halde fram med å skrive namn/ dato i bøker. Men dersom du deltek i trimmen via app, vil ikkje registreringar i bøker telje med ved utrekning av poeng.
Dersom du les denne informasjonen etter at du allereie har registrert datoar i bøker, kan du skrive «Deltek i app» bak registeringane. Me vil då ta omsyn til også det som er registrert i bøker.
Vil du samle poeng i bøkene, gjer du fylgjande:
- sett kryss i trimmar-ruta
- skriv namnet ditt
- fyll ut alders-ruta
- fyll ut dato-rutene (bruk linja til ho er full før du skriv namnet på nytt)
Minimumskrav i kvar aldersklasse:
- 0-6 år: 15 poeng
- 7-9 år: 25 poeng
- 10-14 år: 40 poeng
- 15-19 år: 50 poeng
- 20-39 år: 60 poeng
- 40-59 år: 50 poeng
- 60 år → : 30 poeng
Trimgruppa i Øystese idrettslag har trim-postkassar ute på 10 faste plassar.
- Børvehagen: 2 poeng
- Laupsadalen: 2 poeng
- Teldalen: 2 poeng
- Botnane: 3 poeng
- Nystøl: 3 poeng
- Hyrting: 4 poeng
- Krok: 4 poeng
- Ruedal: 4 poeng
- Torefjell: 7 poeng
- Manfjell: 11 poeng
Premie kan du kosta på deg etter 5., 10., 15. gong, osv.
1.året får alle diplom.
GOD TUR!
For meir informasjon, kontakt:
Eirik Kvarv, 957 35 195