Velkomen til den femte utgåva av Hardanger halvmaraton!
Laurdag 9. august 2025
Øystese idrettslag inviterer sprekingar til ein fredeleg kappestrid langs fjorden med utsyn til fonna. Det er ei snøgg løype utelukkande på asfalt og du stryk både forbi fruktgardar, tettbygde strok og eit yrande sentrum i løypa.
Start og målgang er på vakre Storeteigen bygdemuseum.
Rekordar
Løypa er kontrollmålt av NFIF og offisielle rekordar er:
Herreklasse: 1:09:44 (2023: Tage Morken Augustsson, Varegg Fleridrett/Team Drevelin/Team Kjell)
Dameklasse: 1:22:38 (2023: Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb)
MELD DEG PÅ HER
Program
Kl 1000: Innsjekk startar på Storeteigen
Kl 1200: START. Fellesstart.
Kl 1300: Målgang på Storeteigen
Kl 1400: Premieutdeling
Løypa
Løypa har 141 m stigning totalt på 21,1 km og går på asfalt. Det er i hovudsak breid gang- og sykkelveg. Du passerer frukthagar og velstelt kulturlandskap på vegen. I Norheimsund går løypa midt gjennom sentrum. Vegkryssingar på gangfelt og i veg vert merka godt og mannskapar syter for trygg passering. Halvvegs er det saftstasjon og vendepunkt. Målgang inn på tunet på Kvam Bygdemuseum på Storeteigen.
Merk! Mindre justeringar på løypa kan førekome, og skal varslast om seinast ei veke før løpstart.
Praktisk
Det er avgrensa med parkering direkte i startområdet. Me tilrår deg å parkera på kommunal parkering ved vassverket like ved. Link: https://goo.gl/maps/5oUtSDjaKn4frgky7
Medlemskap i ØIL
Medlemmer i Øystese idrettslag får rabatt ved påmelding til løpet. Medlemskap i ØIL kostar kr 300 for vaksne og kr 500 for familiar. For nye medlemmer vert faktura sendt ut i etterkant.