Innspel til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Kvam herad ynskjer innspel på kva som kan gjerast for å fremja fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i kommunen.

Lenkje til informasjon på Kvam herad si nettside

Det er etablert eige innspelskjema på heimesida til kommunen.
Frist for å kome med innspel: 29.01.2017

Kven som helst, privatpersonar, lag og organisasjonar, kan spele inn behov og idear.

Styret i ØIL skal som del av styremøtet 25. januar, forfatte innspel til kommunedelplanen som synleggjer m.a. behov knytt til aktivitet og på anleggssida for ØIL.

Det er derfor viktig at grupper i ØIL og medlemer sender forslag til innspel til hovudstyret i ØIL seinast 24. januar, om desse skal fremjast av Øystese idrettslag.

E-postadresse til Øystese idrettslag: post@oysteseidrettslag.no

Merk epost med: Innspel kommunedelplan idrett

Saksliste og saksdokument for ekstraordinært årsmøte i ØIL

Styret viser til innkalling til ekstraordinært årsmøte av 19.10.2016

Årsmøtet er onsdag 2. november 2016, kl 19.00 i Holmatun (Storsalen).

Saksliste:

  1. Godkjenne dei stemmeberettiga.
  2. Godkjenne innkallinga og saksliste
  3. Velge dirigent, referent, samt to medlemar til å skrive under protokollen.
  4. Samanslåing av Øystese Idrettslag si fotballgruppe og Norheimsund Fotball, ved at det vert etablert ein ny klubb; Kvam Fotballklubb. Viser til vedlagt saksdokument.

Med venleg helsing
styret i Øystese Idrettslag

Vedlegg: Saksdokument, datert 21.10.2016

Oystese_Norheimsund_Fotball_Saksdokument_211016_OIL