Heile 78 deltok i turklassen under Øystestrimmen. Av desse var 36 under 18 år.
6 deltok i konkurranseklassen; 2 i senior damer, 2 i senior herrer og 2 i junior herrer.
Trass i våt trasé var tidene i konkurranseklassen svært gode:
Damer, senior:
- Solveig Torsvik: 24.09
- Torill Kveberg: 26.05
Herrer, senior:
- Per Arne Bakken: 20.44
- Arnstein Lofthus: 21.26
Herrer, junior (under 18 år):
- Vebjørn Kveberg Opsanger: 22.04
- Sindre Gjøsæter: 22.37
Grunna mykje større deltaking enn venta tok sjokolademeldaljane til dei minste diverre slutt før premieutdelinga var over. Styret lover å ta lærdom av dette til neste år.
6.klasse ved Øystese barneskule vann 500 kr for høgast deltaking av alle klassane ved skulen. 6 av 25 deltok!
2 heldige vinnarar fekk og premie på startnummer! Marit L. Valland vann gåvekort på Felleskjøpet. Ella Tonning Kjøsnes vann ei hovudlykt.
OPEN IDRETTSHALL
Frå klokka 11.30 og 14.30 var idrettshallen open for alle. Humøret var på topp både hos ungar og vaksne!