Hallaktivitet for born 4-6 år i følge med vaksne. Leik og aktivitet ved bruk av utstyr i idrettshallen.
ØIL tilbyr open hall i Øystese idrettshall kvar onsdag kl 17:00–17:45 for born 4–6 år med følge av ein vaksen. Det vert tilgang på apparat og utstyr, men ikkje felles opplegg eller instruktør. Foreldre er ansvarlege for bornet sitt og å rydda utstyr. ØIL vil vera til stades for å opna hallen og låsa ut og inn utstyr.
For medlemmer i Øystese idrettslag. For å verta medlem, sjå «Bli medlem»
Oppstart onsdag 30.10.2024
For meir informasjon, kontakt:
Claudia Soldal, 975 24 274