Aktivitetar for born

Øystese Idrettslag tilbyr aktivitetar for born frå fire år og oppover.

Leikeparti

Hallaktivitet for born 4-6 år i følge med vaksne. Leik og aktivitet ved bruk av utstyr i idrettshallen.

Allidrett

For born 1.-4. Klasse. Leikprega idrettsaktivitet kvar onsdag kl. 17.00 i idrettshallen. Målet for aktiviteten er ei allsidig fysisk utfordring, samarbeid mellom borna og meistringskjensle av det dei er med på. Allsidig påverknad og utvikling gjennom leik og moro er målet. For meir informasjon, kontakt: Leiv Sandven, 56 55 58 39