Hardanger halvmaraton

Velkomen til verdas fyrste Hardanger halvmaraton!

Øystese Idrettslag inviterer sprekingar til ein fredeleg kappestrid langs fjorden med utsyn til fonna. Det er ei snøgg løype utelukkande på asfalt og du stryk både forbi fruktgardar, tettbygde strok og eit yrande sentrum i løypa.

Start og målgang er på vakre Storeteigen bygdemuseum kor det på dagtid vert skipa til aktivitetar for heile familien.

På kvelden er det premiefest i kulturhuset Holmatun med kulturelle innslag, musikk og bar.

MELD DEG PÅ HER

Program
Kl 1100: Innsjekk startar på Storeteigen
Kl 1200: START. Fellesstart.
Kl 1200: Familiedag på Storeteigen med ymse aktivitetar.
Kl 1900: Premiefest i Holmatun. Eigen påmelding: https://holmatun.ticketco.events/no/nb/e/premiefest_hardanger_halvmaraton

Løypa
Løypa har 141 m stigning totalt på 21,1 km og går på asfalt. Det er i hovudsak breid gang- og sykkelveg. Du passerer frukthagar og velstelt kulturlandskap på vegen. I Norheimsund går løype midt gjennom sentrum. Vegkryssingar på gangfelt og i veg vert merka godt og mannskapar syter for trygg passering. Halvvegs er det saftstasjon og vendepunkt. Målgang inn på tunet på Kvam Bygdemuseum på Storeteigen

Praktisk
Det er avgrensa med parkering direkte i startområdet. Me tilrår deg å parkera på kommunal parkering ved vassverket like ved. Link: https://goo.gl/maps/5oUtSDjaKn4frgky7

Medlemskap i ØIL
Medlemmer i Øystese idrettslag får 150 rabatt ved påmelding til løpet. Medlemskap i ØIL kostar kr 300 for vaksne og kr 500 for familiar. For nye medlemmer vert faktura sendt ut i etterkant.

MELD DEG PÅ HER