Basistrening

Basistrening i hall med vekt på styrke og litt kondisjon.

Basistrening for vaksne går føre seg i gymsalen på Kvam ungdomsskule måndagar kl 19.00-20.00 og torsdagar kl 20:00–21:00. Aktiviteten startar måndag 23.9.2019 og held på fram til påskeferien.

Det er fire instruktørar som deler på arbeidet: Reidun Braut Kjosås, Elisabet Aarekol, Anne- Heidi Neteland Bjørke og Gunnbjørg Håland.

Treninga er variert, med hovudfokus på styrke og kjernemuskulatur, og noko kondisjon. Basistreninga for vaksne er ein sosial og aktiv arena, og eit lågterskeltilbod for alle i bygda som ynskjer å halda seg i form.

For meir informasjon, kontakt:
Reidun Braut Kjosås, 917 37 515