Holmatun – i prosess mot avhending/avvikling av samfunnshus

OBS! Ny dato for folkemøte: 24.mai klokka 19:30

Det vart gjort vedtak om å løysa opp foreininga Homatun på årsmøtet for samfunshuset Holmatun 14.april. Det vert folkemøte i Holmatun måndag 24.mai kl 19:30, angåande vegen vidare.

Årsmøte for samfunnshuset Holmatun 14.04.2016
Holmatun er organisert som “Foreininga Holmatun”, der følgjande lag inngår i medlemsmassen:

  • Øystese Næringslag
  • Kvam BU
  • Vikøy Øystese Bondelag
  • Øystese Idrettslag
  • Øystese aust grunneigarlag
  • Øystese Kvinne og Familielag
  • Øystese Pensjonistlag
  • Øystese Skulemusikklag
  • Øystese Sanitetslag
  • Øystese Musikklag
  • Øystese Bygdekvinnelag
  • Kvam revyteater
  • Øystese vest grunneigarlag.

Drifta av Holmatun har ikkje vore berekraftig på mange år, dvs. huset har vore drive med underskot. Husleigeinntekta har på det jamne vore om lag kr 280 000 kvart år. Skulle huset gått i balanse inkl. avdrag på lån, måtte inntektsida aukast med om lag 200 000. Gjeld inkl. leverandørgjeld er om lag kr 850 000.
Det har opp gjennom åra vore prøvd ulike tiltak for å betre økonomien, utan at styret i Holmatun har funne rett “formel”. Som ein konsekvens av situasjonen, har årsmøtet gjort følgjande vedtak:

Sak 5 – Vedtak:
Foreininga Holmatun vert oppløyst. Det skal gjerast eit arbeid med å avklara kva alternative kjøparar som kan vera aktuelle. Elles skal endeleg løysing vera i tråd med §14 i vedtektene.

Sak 5 – Vedtak:
Alle eigarane stiller med ein person til styringsgruppa for oppløysing. Utgangspunkt i kontaktpersonar på lista som er sendt ut med innkalling. Lista vert ajourført dersom laga kjem med nye namn innan to veker frå årsmøte.

Frå ØIL stilte følgjande representantar på årsmøte: Rune Vik og Arne Lunestad.

Konstituerande møte for styringsgruppa – måndag 02.05.2016

På møtet var følgjande foreløpig tidsplan lagt:

  • Annonse i Hordaland folkeblad om folkemøte: fredagsavisa 6. mai og 13. mai
  • Folkemøte i Holmatun: måndag 23. mai kl 19:30
  • Vegen vidare kjem litt an på kva som skjer på folkemøtet. Men vidare drift med noverande konsept er ikkje berekraftig/aktuelt.

Uansett må huset driftast framover inntil det er funne ei løysing.

Til orientering for ØIL-medlemer.

Legg igjen en kommentar