Saksliste og saksdokument for årsmøte i ØIL

Her finn du saksliste og saksdokumnet for årsmøte.

Årsmelding ØIL hovudlaget

Saksliste (førebels)

Sak 6.1: Fullmakter i Øystese idrettslag for 2017 fram til neste årsmøte

Sak 6.2: Fordeling av Grasrotandel frå Norsk tipping

Sak 6.3: Avslutting av FFO/IFO-tilbodet i ØIL-regi

Sak 6.4: Utmelding av fotballgruppa or ØIL

Sak 7: Fastsetje medlemskontigent

Sak 8: Fastsetje styrehonorar

Sak 9.1: Status politiattestar

Holmatun junior

Årsmøte i Øystese idrettslag

Det vert årsmøte onsdag 22.mars klokka 18.00 i Holmatun.

Årsmøtesaker og val.

Saker til handsaming:

  1. Fotballgruppa melder seg ut av ØIL og skipar ny klubb
  2. Idrettsfritidsordninga til ØIL vert føreslått avslutta etter skuleåret 2016/17

Frist for å kome med saker til styret i ØIL: tysdag 21. februar

Saker skal sendast til:
post@oysteseidrettslag.no

Fullstendig sakliste/årsmøtedokument vert lagt ut fredag 10. mars her på heimesida.

Vel møtt!

Innspel til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Kvam herad ynskjer innspel på kva som kan gjerast for å fremja fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i kommunen.

Lenkje til informasjon på Kvam herad si nettside

Det er etablert eige innspelskjema på heimesida til kommunen.
Frist for å kome med innspel: 29.01.2017

Kven som helst, privatpersonar, lag og organisasjonar, kan spele inn behov og idear.

Styret i ØIL skal som del av styremøtet 25. januar, forfatte innspel til kommunedelplanen som synleggjer m.a. behov knytt til aktivitet og på anleggssida for ØIL.

Det er derfor viktig at grupper i ØIL og medlemer sender forslag til innspel til hovudstyret i ØIL seinast 24. januar, om desse skal fremjast av Øystese idrettslag.

E-postadresse til Øystese idrettslag: post@oysteseidrettslag.no

Merk epost med: Innspel kommunedelplan idrett