Ny dagleg leiar i fritidsordninga IFO/FFO

Kristin Gluck-Teigland (37) er tilsett som ny dagleg leiar for fritidsordninga (IFO og FFO) til Øystese Idrettslag ved fotballgruppa. Kristin har ein allsidig bakgrunn med idrettsfagleg utdanning, og mellom anna erfaring som dagleg leiar for treningsenter. I tillegg til dette har ho også eit sterkt engasjement for friluftsliv og natur.

Teigland

Kristin har også jobba som idrettspedagog på Geilomo Barnesjukehus, samt arrangert ei rekkje aktivitetar for born og unge, både innandørs og utandørs, i over 20 år. Ho er levande engasjert i menneske og er sjølv ein allsidig idrettsutøvar og friluftsentusiast. Hennar siste engasjement i tillegg til vertskapsrolla på Storeteigen, var hos Bergen og Hordaland Turlag i Bergen. Sidan november i fjor er ho og mannen AK busett i Øystese på ubestemt tid, og ho avslutta engasjementet i Bergen til påske.

Me er svært glade for å ha fått på plass ein så god kanditat til stillinga og er trygge på at Kristin vil kunne bidra godt til å utvikla fritidsordninga vidare!

Legg igjen en kommentar